Mangel på openheit hos Forsvaret og Forsvars-departementet bør bekymre oss alle. Familiane fortvilar når den store legemangelen i Afghanistan kjem fram og folk flest er mållause og føler seg ført bak lyset. Ein sit att med eit sterkt inntrykk av at Forsvarsminister Anne-Grete Strøm Erichsen ikkje har gode rådgjevarar, for her handlar det om å ta vare på soldatane og skape tillit hos befolkninga.
Åpent brev fra pårørendegruppa for FN -og NATO-veteraner til Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité, Forsvarskomité og Ombodsmannen for forsvaret. Av Liv M. Stenbakk Krognes
Mangel på openheit hos Forsvaret og Forsvarsdepartementet bør bekymre oss alle. Familiane fortvilar når den store legemangelen i Afghanistan kjem fram og folk flest er mållause og føler seg ført bak lyset. Ein sit att med eit sterkt inntrykk av at Forsvarsminister Anne-Grete Strøm Erichsen ikkje har gode rådgjevarar, for her handlar det om å ta vare på soldatane og skape tillit hos befolkninga.
Leiaren for Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité, Lodve Solholm, trudde at Forsvarssjef Sverre Diesen sin leiareigenskap var forbeholdt gamle dager og var rimelig øst-europeisk (Aftenposten 16.11.07). Etter fleire års arbeid med å få merksemd på situasjonen til veteranar med psykiske seinskadar, kjenner vi godt til den sterke lojalitetsfølelsen som rår i forsvarssystemet, og ytringsfridom blir difor ei sjeldan vare. Det skal sterk rygg til å gå i mot denne autoritære haldninga, slik som tidlegare sjef for Forsvarets sanitet, generalmajor Leif Sverre Rosén no har gjort. Stor takk til Rosén! Pårørandegruppa håpar at andre vil fylgje etter.
Stortingspresident C. J. Hambro skal ha sagt: Det står en hver representant fritt at uttrykke den forvirring som råder i hans indre. Denne rett gjeld ikkje berre stortingsrepresentantar, men òg for dei som har ansvar for soldatane som deltek i internasjonale operasjonar og for pårørande til soldatar i og etter internasjonal teneste.
Pårørandegruppa ber Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité om at Forsvarsminister Anne-Grete Strøm Erichsen, Forsvarssjef Sverre Diesen og Leif Sverre Rosén blir kalla inn til open høring, slik at saka blir tatt hand om på ein forsvarleg og tillitsvekkande måte. Som det går fram av vårt brev til statsråden (sjå vedlegg), ynskjer Pårørandegruppa å få belyst hjelpetiltaka innan psykisk helse samtidig. Og viser til vårt møte med Diesen den 23.05.07, der det kom fram at Nasjonal Militærmedisinsk Poliklinikk framleis ikkje er fullt operativ, og ynskjer avklaring på om dette er akseptabel framdrift.
Andre synspunkt:
-
Ulike veterantiltak bør flyttast frå Forsvaret til Forsvarsdepartementet, då det vil gje større truverde etter ulike avsløringar.
-
Rekruttering. Forsvaret har fritt spelerom til å påverke soldatar under førstegongsteneste – utan motførestillingar. I vårt høyringsinnspel den 11.11.04 meinte Pårørandegruppa at soldatane bør vere minst 23 år. Når 19 år gamle soldatar blir sendt ut i skarpe operasjonar er det provoserande for folk flest, og bør endrast snarast. Vi ser det som mest forsvarleg at det er profesjonelle soldatar som reiser ut.
-
Dokumentasjon. Det store etterslepet av registrerings- og dokumentasjonsarbeidet hos Vernepliktverket viste alvorlege manglar heilt tilbake til 1977. Heile 60% av soldatane i Somalia misjonen var ikkje registrert, enda verre i Irak. Mangelfulle mannskapslister høyrde og med. Nesten ulykker var visst nok ikkje prioritert i det heile og mannskapslistene var svært mangelfulle. Denne dokumentasjonen er viktig den dagen ein mot for modning treng å gå til sak mot Forsvaret. Etter at Pårørandegruppa gjekk ut i media, vart det lova at arbeidet skulle vere fullført innan 2006. Men det er umogeleg å få stadfesting frå Forsvarssjefen på om dette arbeidet er fullført, bort sett frå runde formuleringar i neste års statsbudsjett.
-
Behandling for psykiske seinskadar / oppfyljing. Etter meir enn femti år med fredsbevarande arbeid er det først i den seinare tid blitt etablert Nasjonal Militærmedisinsk Poliklinikk (01.10.04) og Veteran Administrasjonen (01.02.06). Tiltaka er svært positive, men sedan dei ikkje er fullt utbygde, er det all grunn til å stille seg spørjande til om dei berre skal roe befolkninga? I neste års statsbudsjett er det planlagt eit samarbeid med det ordinære helsevesenet, det er positivt også, men diverre er psykiatrien generelt sett svært underbemanna. Vi håpar politikarane innser at det må tilførast nødvendige ekstraressursar slik at ein ikkje skuv andre svake grupper lenger bak i helse køa.
-
Rettssak. Når veteranane reiser sak mot Forsvaret, møter spesialistane frå Nasjonal Militærmedisinsk Poliklinikk, som innleiingsvis var kontaktperson/behandlar - som motpart i retten. Dette kan da ikkje vere etisk riktig? I tillegg er det rimeleg å tru at berre dei sterkaste av dei sjuke orkar å gjennomføre ei rettssak, så her er det viktig å sikre dei på anna måte.
-
Erstatninga har vore ei stor skam, men etter det vi forstår er det no forslag til endring.
-
Dagens veteranar. Pårørandegruppa har ved fleire høve hevda at det er blitt begått overgrep mot veteranane i form av ansvarsfråskriving, det er difor viktig at nye tiltak må ha tilbakeverkande kraft.
Den synlige flaggbærer i et fredsbevarende oppdrag er den norske soldat. Det er all grunn til å være stolt av den innsatsen, har Brigader Ole Sannes sagt (Dagbladet 01.10.04) … for den enkelte soldat som gjør denne jobben, er det et betydelig større personlig offer enn den en oljenasjon som abstrakt enhet gir. Med desse orda oppmodar Pårørandegruppa politikarane sterkt til å legge forholda til rette, slik at soldatane/veteranane blir ivaretatt på ein forsvarleg og verdig måte.
Med vennleg helsing
Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranane
Liv M. Stenbakk Krognes
Leiar |
Yngvild Holte
Nestleiart |
Laila Bergerseter
Sekretær
|