Pårørendegruppa for FN- og NATO-veteranane etterlyser m.a. anstendig oppfølging av seinskadde soldatveteranar. Soldatar som skal ivareta menneskerettane til andre, treng sjølv til lovfesta rettar.
Av Liv M. Stenbakk Krognes
Pårørendegruppa for FN- og NATO-veteranane
Stortingspresident C. J. Hambro skal ha sagt: «Det står enhver representant fritt at uttrykke den forvirring som råder i hans indre». Denne rett gjeld ikkje berre stortingspresidentar, men òg for dei som har ansvar for soldatane som deltek i internasjonale operasjonar og oss som skriv lesarbrev.
SJEFSREDAKTØR EINAR HÅLIEN (BT 12.06.06) taler forsvarssjef Diesen og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen til rette, når dei meiner at det held med førstegongsteneste for å erstatte Telemark Bataljon i internasjonal teneste. Redaktøren er og spørjande til om Noreg tåler å få soldatar heim i kister? Svært mange av dei hamnar i kiste utan å få honnør frå Forsvaret eller store overskrifter i media. For eit anna relevant spørsmål er om soldaten orkar å ta belastninga ved psykiske seinskade, som ca. 5 % av soldatane må rekne med å få.
Forsvaret kalkulerer med eit forbruk av soldatar, dvs omkomne eller skadde. Våre søner/døtrer, ektefelle eller foreldre blir karakterisert som «forbruk», og til overmål er dei ikkje registrert på lik linje med vanlege forbruksvarer! Ser ein på etterslepet av registrerings- og dokumentasjonsarbeidet hos Vernepliktverket heilt tilbake til 1977, så blir dette fullført først i 2006. Heile 60 % av soldatane i Somalia-misjonen var ikkje registrert, enda verre i Irak. Nestenulykker er visst nok ikkje prioritert i det heile. I lys av at Noreg sender soldatar ut for å ivareta menneskerettane til andre, så er dette kort og godt ei skandale!
Stortinget vedtok i fjor ein ny paragraf om ytringsfridom i Grunnlova. Intensjonen var mellom anna å styrke vernet til personar som varslar om kritikkverdige forhold i verksemda. Dessverre ser det ut til at denne paragrafen ikkje gjeld for Forsvaret sine leiarar. Her kjem tydelegvis lojalitetsplikta føre soldaten sine interesser!
Vi meiner det bør opprettast ein uavhengig kontrollkommisjon for soldatane/veteranane si velferd slik at ein kan få bukt med «bruk og kast»-mentaliteten som Forsvaret har kalkulert med i alle år. Nokon kalkyle over kva det kostar å forsikre soldatane for psykiske seinskade og gje dei anstendig erstatning, har vi ikkje fått presentert, men Pårørandegruppa stiller gjerne talmateriale til disposisjon for å få fram eit realistisk samanlikningsgrunnlag og for deretter å diskutere kven sitt ansvar det er å gje veteranane eit verdig liv etter norsk levestandard.
DET FØRSTE SOM MÅ GJERAST er å gje reell informasjon til soldatane og deira pårørande om tenesta og kva konsekvensar ho kan medføre. Først då kan dei ta stilling til om dei ønskjer å reise ut. Deretter må vi få ei veteranlov som sikrar soldatane/veteranane på ein forsvarleg måte – og særleg dei som får problem etter tenesta! Slik som det fungerer i dag er det kort og godt bondefangeri!
Pårørandegruppa er kjend med at det ligg føre forslag om å gje veteranane plass i helse- og sosialkøen med prioritet til personell som kjem heim etter fullført teneste i utlandet. Gjennom seleksjon er soldatane funne kapable til teneste, og dei reiser ut frivillig og må ta konsekvensane av det den dagen dei ev står i helsekøen. Det burde ikkje vere dei svakaste gruppene som til sjuande og sist som skal betale gildet for at Noreg skal framstå som «den flinkaste guten i klassen» innan internasjonalt arbeid.
FNS GENERALSEKRETÆR Kofi Annan håpar at det nye Menneskerettighetsrådet kan bli ein ny start for arbeidet for globale menneskerettar. Det blir peika på at Noreg kan spele ei nøkkelrolle med sitt internasjonale engasjement. La oss vise at den Norske veteranlova blir ein ny start for veteranane. Stortinget og Forsvaret må då styrke Veteranadministrasjonen, Nasjonal militærmedisinsk poliklinikk og i tillegg gje anstendig erstatning til dei som blir sjuke! Vidare må dei syte for større kapasitet og meir spisskompetanse innan det ordinære helsevesenet, og ikkje minst gje honnør til det viktige arbeidet som FN-Veterananes Landsforbund (FNVLF) står bak i form av kameratstøtte og oppfølging av oss pårørande.
Treng du som pårørande til ein skadd veteran eller til ein soldat som har omkome i teneste i inn/utland «ein å snakke med», så ta kontakt med oss gjennom FNVLF. Dei pårørande må samarbeide og seie ifrå om at vi ikkje kan finne oss i den manglande oppfølginga til myndigheitene.