Utskrift fra: norvetnet.no
Dokument: http://norvetnet.no/dok/artikkel298.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


10.07.2008
Tysklandsbrigaden

TysklandsbrigadenTysklandsbrigaden er ein viktig del av historia som fortener å forteljast for yngre generasjonar og repeterast for dei som var med den gongen. Tysklandsbrigaden var og ei vesentleg brikke i spelet om atterreising av det norske forsvaret etter krigen.

 
 
 
Etter den første verdskrigen var Tyskland fullstendig knust og hjelpelaust. Men landet kom seg fort. Det tok 14 år før militarismen atter var ved makta og 20 år før dei tyske nazistane og militaristane kasta verda ut i ny krig.
 
Under 2. verdskrig, 1939-45, vart dei allierte maktene tidleg samde om at dei denne gongen måtte hindra at historia tok seg oppatt, for si eiga skuld, for verda si skuld og for Tyskland si skuld. Målet som dei allierte sette seg, var å gjera Tyskland til ein fredeleg medlem av folkefamilien og til eit sant demokrati. Men kloke av skade ville dei allierte denne gongen sjølve og på staden syta for at dei tyske militære organisasjonane vart fullstendig oppløyste, at den tyske rustningsfamilien vart jamna med jorda, og at krigsforbrytarane verkeleg vart straffa
 
Den norske London-regjeringa forhandla i all løynd med britane om å delta i okkupasjonen av Tyskland når krigen var over. Desse forhandlingane gjekk føre seg frå slutten av 1943.
Forhandlingane slutta med eit hemmeleg tilbod frå britane, 11. januar 1945, om levering av materiell i 1945-46 for om lag 12.000 mann i Norge, og for styrkar til hærsetting av Tyskland: "Ein ny divisjon skal vera klar 12 månader etter den dag den norske regjeringa vender attende til Norge." Regjeringa kom alt 7. mars til at ein burde godta det britiske tilbodet. Deltaking i okkupasjonsstyrkane vart berre nemnd i ei undersetning og då utan å nemna storleiken av styrken.
 
Først den 14. mai vedtok Stortinget: "Stortinget samtykker i at Norge opptar forhandlinger og slutter avtale med Storbritannia om deltakelse med norske væpnede styrker på inntil 4000 mann i okkupasjonen av Tyskland etter de i proporsjonen utformede retningslinjer."
 
Det kom i stand avtale med britane. Prinsippavtala vart underskriven 5. juni 1947. I mellomtida hadde ein avtala at den norske Tysklandsbrigaden skulle vera på plass innan 1. mars 1947.
 
I åra 1947-53 gjorde ca. 50.000 norske soldatar teneste i Tysklandsbrigaden. Deltaking i okkupasjonen av Tyskland tydde framhald av den militære kontakten med Storbritannia, og var med på å førebu grunnen for norsk deltaking då dei vestlege landa slutta seg saman i NATO i 1949. Vidare var det ein del av fredsprosessen, eit moralsk handslag til Storbritannia som takk for gjestfridom og hjelp under den 2. verdskrigen. Norske soldatar drog "Til Tyskland for freden".
 
Spørsmålet om heimsending av Tysklandsbrigaden vart fleire gonger drøfta. Men viktige hendingar gjorde at planane vart utsette:
  • 24. juni 1948 stengde Sovjet grensene mot vest frå Aust-Tyskland og gjennomførde blokade av Berlin.
  • 4. april 1949 vart NATO skipa.
  • 25. juni 1950 braut Korea-krigen ut.
Stortinget vedtok 26. februar 1951 å gje regjeringa "fullmakt til å forlenge for en tid av inntil seks måneder avtalen med Storbritannia om norsk deltakelse i okkupasjonen av Tyskland av 5. juni 1947, med tillegg av 31. juli 1948."  Dermed heldt Tysklandsbrigaden si teneste fram, men no som NATO-troppar med oppgåve å vera med i forsvaret av dei sørlegaste delane av NATO sin Nordregion, altså ei kampoppgåve ved sida av det å vera okkupasjonstroppar.
 
 
Les mer om Tysklandsbrigaden på:
 
 

 
Skriv utUtskriftsvennlig utgave
  

Kilde: norvetnet.no