Utskrift fra: norvetnet.no
Dokument: http://norvetnet.no/dok/artikkel288.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


20.04.2008
UNIFIL prega seinare operasjonar

Norske og israelske soldater i Sør-Libanon 1978Eg trur Noregs langvarige engasjement i Sør-Libanon har bidratt til å prege seinare utanlandsoperasjonar. På politisk nivå lærte Noreg tydinga av å ha klare mandat som let seg oppfylle, seier Harald Stanghelle i Aftenposten.

 
 
 
Klippet fra mil.no
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter

Stanghelle, politisk redaktør i Aftenposten, tenestegjorde sjølv i Libanon i kontingent 3 og 4 (1979-80), mellom anna som assisterande presse- og informasjonsoffiser. Han seier at Noregs engasjement i Libanon til tider var upopulær hjå den norske forsvarsleiinga:

– Ein vurderte at operasjonen i Libanon trakk resursar bort frå kjerneoppgåvene heime i Noreg. I tillegg meinte fleire at røynslene ein fekk i Libanon ikkje var tilstrekkeleg relevante for dei øvrige delane av Forsvaret.

Flest skilnadar
Stanghelle meiner derimot at Forsvaret skaffa seg viktig røyndom.
– På praktisk nivå fekk mange norske offiserar viktig røyndom frå operasjonar under uvande og vanskelege tilhøve, seier Stanghelle.

Han syner til at norske offiserar fleire gongar måtte leie folk under vanskelege og til dels dramatiske situasjonar. Stanghelle seier at sjølv om det er likskapar mellom Libanon-engasjementet og seinare deployeringar til Balkan og no sist til Afghanistan, er skilnadane langt fleire.

– Ulike misjonar har sine særpreg og ulikskapar, og eit så vidt langvarig engasjement som Libanon hadde og fasar som var ulike, seier han.

Lærte ei lekse
– Det som kjenneteikna engasjementet i Libanon var, etter mitt syn, at ein hadde eit fredsbevarande mandat men ingen fred å bevare. Av mange årsaker var det umogleg å oppfylle det mandatet. På politisk nivå lærte Noreg tydinga av ha eit klart mandat om ein skal sende ut styrkar til utanlandsoppdrag, seier han.
 

Unifil og Noreg
Unifil (United Nations Interim Force in Lebanon). Oppretta 19. mars 1978 etter Israels invasjon av Libanon. FN-soldatane skulle stadfeste uttrekkinga av israelske styrkar, og gjenopprette fred og tryggleik. Dei første norske soldatane i styrken ankom Libanon 26. mars 1978, det vil seie for nøyaktig 30 år sidan i dag. 28. november 1998 avvikla Noreg sitt engasjement i Libanon. Unifil står fortsatt i Sør-Libanon – snaue 10 år etter at Noreg forlot landet. 21.326 norske soldatar tenestegjorde i Unifil. 21 av dei mista livet.

Den norske FN-styrken bestod av Infanteribataljonen Norbatt, verkstadkompaniet Normaintcoy, utrykkingsstyrken FMR (Force Mobile Reserve), helikoptervingen Norair, feltsjukehuskompaniet Normedcoy, kontingentstab, element innan transportleiing lokalisert i Beirut, og militærpoliti i Naquara. Generalmajor Trond Furuhovde var sjef for Unifil i tidsrommet 23. februar 1993 – 1. april 1995.

Skriv utUtskriftsvennlig utgave
  

Kilde: norvetnet.no