Utskrift fra: norvetnet.no
Dokument: http://norvetnet.no/dok/artikkel430.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


11/13/2011
Det handlar om respekt og tillit

Liv M. Stenbakk KrognesTil Paul Smines, grunnlegger og tidligere leder for SIOPS og leder for NVIO Bergen og oml. Saka er sjølvsagt pinleg, men den er av prinsipiell karakter. Når kritikk blir møtt med taushet, er det truleg nedarva reaksjonsmåtar, der ein snakka saman på bakrommet, og deretter bestemte kvar skapet skulle stå. Når pårørande skal ”inn i folden” – forsvinn vårt frie ord. Katta er ute av sekken og då nyttar det lite å snøre saman opninga med skuldingar som «useriøs».

 
 
 
 
Kontroversielle utsegn frå profilert aktør i veteranproblematikken, med millionar av kroner i støtte, år etter år etter år, med våre skattepengar, bør tåle kritikk og stå fram og svare på kritikken sjølv. Vår fokus er C-veteranfamiliane og ansvarsfråskriving, om nokon må måke snø når mannen er ute i teneste er så sin sak, men forbundet prioriterer annleis.
 
Du etterlyser truverde basert på kunnskapsbasert(?) sanning for å bli tatt seriøst. Går ut i frå at du tenker på dokumentasjon og / eller erfaring.
 
Gruppen ble ikke det som medlemmene ønsket da man startet gruppen. I mars 2002 ble det vedtatt å sette ned en arbeidsgruppe som skal synliggjøre problemer tidligere FN/NATO soldater, og pårørende til disse, sliter med etter tjeneste. Vidare står det i dokumentet: ”Gruppen skal være virksom til etter møte med representanter fra myndighetene, eller så lenge flertallet av medlemmene fastsetter. Det blei presisert at arbeidsgruppa var ei frittståande gruppe, med økonomisk støtte frå FNVLF.
 
  • Eg ser meg i spegelen og tilbakeviser kritikken. Men for enkelte blei det komplisert å ri to hestar samtidig. Kan dokumenterast nærare viss det er ynskjeleg.
 
Medlemstal. At fleire er lei etter årelang kamp finn eg forståeleg, men pr. dags dato er det ein person som manglar i den opphavlege arbeidsgruppa. Eg ser bort i frå dei to rådgjevarane som ikkje var pårørande. Vi har i dag vel 40 medlemmer.
 
  • Eg håpar dine påstandar blir korrigert.
 
Demokrati, likeverd, openheit, og økonomi: Nvio’s landsmøte i Stavanger behandla saka: å arbeide for pårørande sine interesse, men pårørande si stemme var utan interesse for forbundet. Bortvising frå talarstolen var avtalt hos leiinga på førehand. Kostnadane vart berre delvis dekka av forbundet.
 
Vårt årsmøte i 2008. Økonomisk støtte satt langt inne, men samarbeidsavtala til forbundet var utslagsgjevane. Den var utarbeid og behandla i forbundsstyret, utan sonderingar, fekk protester, med endringane: skal blei endra til . Avtala fekk 1 stemme. Samarbeidet blei avslutta. Men Sjekkposten 4/2008 (s. 24) presenterte den nye leiaren. Korta blei haldne tett til brystet, svært tett, og alliansane i forsvarsmiljøet blei styrka. Avtaler fall vekk.
 
Årsmøtet i 2009 måtte ikkje bli stort av omsyn til forbundets økonomi, rekruttering måtte berre skje gjennom ”rette kanalar”, og observatør var uønskja. Kven hadde nokke å skjule? Samanliknar ein Sjekkposten 2/2009 (s 3, 4 og 25) med året før, er presentasjonen radikal.
 
  • Kor er respekten for pårørande sine ynskjer, og for demokratiet? Kor var openheita, og ikkje minst - kor blei det av løyvingane til pårørandearbeidet?
 
Olsen har møtt seg sjølv i døra med argumentasjonen: «soloutspel og velmeinande pårørande» til sitt familiearbeid, men målet heilaggjer ikkje alle middel.
 
Nietzsche sa at den som kjempar mot uhyre, bør ta seg i akt så han sjølv ikkje blir til eit uhyre. Det er greitt å ha med seg når ein kjempar denne kampen. Eg har i alle år rosa tidlegare president Lorentz Boxaspen og hans generalsekretær. Dei viste stor respekt for dei skadde veteranfamiliane og vår erfaringskompetanse. Pårørande si stemme skulle vere fri, og ikkje kontrollerast av veteranar. Eit samarbeid basert på gjensidig respekt blei oppretta. Boxaspen står framleis på barrikadane for dei skadde veteranfamiliane, det er sterkt, svært sterkt. Det gjev integritet! Og må ikkje forvekslast med legitimitet.
Ditt innlegg svekkar ikkje tilliten til Siops forslag til representant i klagenemnda, snarare tvert om.
Til slutt vil eg gje til kjenne at det er trist at du har gløymt den hjelp og støtte du fekk i din kamp for rettferd.

Naustdal 11.11.2011
Liv M. Stenbakk Krognes
Tidlegare leiar i Pårørandegruppa

 
 
 
Sist oppdatert:11/13/2011 8:28:05 PM
  

Kilde: norvetnet.no