Utskrift fra: norvetnet.no
Dokument: http://norvetnet.no/dok/artikkel426.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


23.10.2011
Eit bestillingsverk utan integritet
Liv M. Stenbakk KrognesLandets største veteranorganissasjon, Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner (NVIO), stod fram i Sundagrevyen og tilbaud støtte til dei som overlevde massakren på Utøya. Kameratstøtte basert på likemannsprinsippet er forhåentligvis verdifull. Men Odd Helge Olsen i NVIO sine utsegn om familiesituasjonen verkar blasfemisk etter forbundets motarbeiding av Pårørendegruppa.
 
 
 
 
 
 
Av Liv M. Stenbakk Krognes,
Tidligere leiar i Pårørandegruppa for FN- og NATO-veteranar.
 
 
Kvar stemme teller, seier Stoltenberg, men det gjeld ikkje for pårørande til skadde etter internasjonale operasjoner, snarare tvert om. Skamrødma bør brenne i kjakane til sentrale aktørar når ytringsfridom og demkrati er komen i høgsetet.

Forbundets arbeidsgrunnlag er i dag basert på signal frå sentrale forsvarsorganisasjoner, ei handfull utpeika pårørande og veteranar.

"Roma liknar ein mann som lever av å vise fram sin bestemors lik" skreiv modernisten Joyce, etter eit besøk i den nokong gangar litt for evige by. I forsvarsmiljøets lukka sfære sit tre utpeika pårørande som alibi i eit kynisk spel, der taktikken er "splitt og hersk".

Når kritikk er synonymt med fiende og med millionar i støtte, som dei skadde i veteranorganisasjonane berre kan drøyme om, då er det all grunn til eit kraftig varsku i demokratiets ånd. Noregs fremste ambassadørar som har verne FNs menneskerettar under fjerne himmelstrøk, bør tørke støv av desse og få kvinnekonvensjonen i glas og ramme. Det må ein forvente for å være ein veterandag verdig.

Det handlar om å oppføra seg sømmelig. NVIOs planer om familiejulebord i lokalforeiningane der veteranar treng kostbar skolering, er uforståeleg. Våre skattepengar bør først og fremst gå til familiane som er direkte råka, og støtte deira interesser for felleskap og gje dei sin frie stemme i demokratiets namn. Men det blir sterkt motarbeidd.
 
 

Ope brev til forsvarsminister Grete Faremo

 

FORSVARSMILJØET’S PÅRØRANDEARBEID – EIT BESTILLINGSVERK UTAN INTEGRITET

Etter 22. juli skal det norske samfunn fremje meir demokrati, bli eit meir opent og rausare samfunn. Fagekspertisen viser til at det er viktig å lytte til pårørande sine behov og understrekar betydinga av fellesskapet. Pårørandegruppa erfarte dette og fekk uvurderleg hjelp av veteranorganisasjonen NVIO (tidlegare FNVLF) i vår etableringsfase. Godt vaksne mødre var trygge på eigen autoritet, gjekk fremst og sette ord på sviket overfor skadde veteranfamiliar. I dag står vi slik med erstatninga: A veteranar etter 2010 med 65 G, B veteranar før 2010 til 1978 med 35 G, C veteranar før 1978 med ingen erstatning, og pårørande sine kritiske synspunkt blir sterkt motarbeidd.

Ord kan frigjere. Ord kan også bidra og skape usunt samfunnsklima. Våre synspunkt til maktapparatet blei sterk kost for den nye presidenten i NVIO, Odd Helge Olsen. Hans reaksjon på vårt opne brev til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité i medlemsbladet Sjekkposten (2007) var: Etter mitt syn blir dette ikke bare feil, men en negativ handling som angår den enkelte veteran. Utspillet kan lett tas til inntekt for gruppens syn som altså verken er riktig eller representativt for våre veteraner, men resultat av et soloutspill. Når vi noen ganger opplever at velmenende personer og grupperinger gir sitt besyv med i de pågående diskusjoner omkring våre veteraner må det selvsagt i et demokrati også være plass til divergerende meninger, men utspillet fra pårørendegruppen tar jeg sterk avstand fra. Hardt røynde familiar var redusert til velmeinande personar, for det handla visstnok om deira veteranar - ikkje vår næraste familie! Manglande empati og respekt for familiens innsats var sjokkerande.

Alliansane i forsvarsmiljøet kom til overflata i 2009, med trugsmål om svært små sjansar for økonomisk støtte som sjølvstendig gruppe. Dobbeltspel og undergraving av demokratiske avgjersler var ein realitet i utarbeiding av samarbeidsavtale. Utmattingstaktikk, tilsløring, teatersminka respektlaus retorikk kulminerte i Sjekkposten, med konklusjonen: NVIO tar pårørende til veteraner på alvor!

Kvar stemme teller, seier Stoltenberg, men det gjeld det ikkje pårørande etter internasjonale operasjonar, snarare tvert om. Svært uverdig av veteranar å vaske hendene i eige skittvatn i statleg støtta medlemsblad, når vi kan dokumentere påstandane. Skamrødma bør brenne i kjakane til sentrale aktørar, når ytringsfridom og demokrati er komen i høgsetet etter 22. juli.

Men NVIO er på offensiven og tilbyr hjelp til dei hardt råka familiane frå Utøya, og annonserer i desse dagar at Regjeringa støttar NVIOs pårørandearbeid med 263 000 kroner. Totalt 9,415 millionar i støtte frå Forsvarsdepartementet i 2011. I tillegg støtter Forsvaret NVIO med 1,085 millionar. I kva grad pengane kjem fram til dei som treng det er heller ukjend. Dette er våre skattepengar, og tillèt oss å ha synspunkt.

Pårørandearbeid eit bestillingsverk? Pårørandeseminar der tidlegare Forsvarsminister, NVIO, Forsvarsdep., Forsvaret, tenestemannsorg var deltakarar. Samt to (?) inviterte pårørande som representerte seg sjølve, og NVIOs nyetablerte arbeidsgruppe for pårørande (tre utpeika pårørande og ein ex offiser). Den einaste Pårørandegruppa med 40 medlemer, var derimot ikkje ønska. Tidlegare generalsekretær Vidar Falck konkluderte: … liten tvil om at arbeidsgruppen fikk et solid grunnlag for sitt videre arbeid på seminaret. Er det verkeleg pårørande som skal lytte til forsvarsmiljøet? Eller er det dei som skal lytte til pårørande?

NVIOs pårøranderapport er basert på innspel frå pårørandeseminaret, spørjeundersøking i lokallaga som består av veteranar, med ein svarprosent på 9 %, og eigenerfaringane til arbeidsgruppa. Ein må trygt kunne seie at det er svært tynt grunnlag for ein organisasjon som mottar millionar, og når konklusjonane attpå får nasjonale konsekvensar.

Pårørandeomgrepet verkar panisk

. "Hvermansen" er blitt pårørande gjennom sjølvoppnemning, for å inkludere veteranar. Rapporten er utarbeidd gjennom Top-down prosessar, med bastante konklusjonar, basert på svært tynt grunnlag. Pårørande er klientifisert og utan ressursar, det verkar som konklusjonar er trekt på førehand, og at verkelegheitsforståinga er tilpassa. Til overmål skal pårørandearbeidet framleis baserest på utpeika personar.

Når arbeidsgruppas

erfaringar tilseier at landsdekkande pårørandesamlingar konsentrer seg i hovudsak om veteranfamilianes problemstillingar og behov, i staden for heilskap, er tilrådinga oppfølging av pårørande i lokalforeiningane, og støttar seg til fagfolk, men utan referansar. Det er på høg tid at NVIO får fram namnet på denne fagpersonen då dette er i ålmentas interesse.

Det handlar om anstendigheit. Millionar i støtte, og 263 000 kroner til å arrangere familiejulebord, felles temakveldar, der friske oppegåande veteranar attpå treng kostbar skulering på Bæreia – det er uforståeleg. Våre skattepengar bør først og fremst gå til familiane som er direkte råka, og støtte deira interesser for fellesskap og gje dei sin frie stemme i demokratiets namn. Det er på høg tid at leiaren i forbundets arbeidsgruppe, Elsa Grøtting, står fram i opne debattar med sine visjonar og vurderingar. Noko anna er fatalt.

"Roma liknar ein mann som lever av å vise fram sin bestemors lik" skreiv modernisten Joyce, etter eit besøk i den noen gangar litt for evige by. I forsvarsmiljøets lukka sfære sit utpeika pårørande berre som alibi i eit kynisk spel, der taktikken er "splitt og hersk". Det gjev store økonomiske fordelar som dei skadde veteranorganisasjonane berre kan drøyme om. Det er all grunn til å rope eit kraftig varsko i demokratiets ånd når kritikk er synonymt med fiende. Noregs fremste ambassadørar som har verna FNs menneskerettar under fjerne himmelstrøk, bør tørke støv av desse og få Kvinnekonvensjonen i glas og ramme på veggen. Det blir forventa for og vere verdig ein Veterandag.

Konklusjon: Med FN- veteranars bakgrunn, er det bort i mot ein olympisk prestasjon i inkompetanse å undertrykke kvinners frie stemme mot politikarane si ansvarsfråskriving av C veteranar.

Veteranrepresentasjon i klagenemnd for særskilt kompensasjonsordning til veteranar skal i desse dagar oppnemnast. SIOPS forslag om to juristar med solid bakgrunn og innsikt i erstatningsrett støttast av underteikna. (Dette framføre NVIO og NROFs forslag om høvesvis representant og varaplass). Avgjerslene som klagenemnda vil fatte blir svært viktig for skadde veteranars rettar og deira familie. Dei skadde sin organisasjon bør difor tilleggast ekstra stor tyngde.

Den politiske leiinga v/forsvarsminister Grete Faremo må ta grep for å skape tillit i befolkninga. Skadde familiar er metta av propaganda, ansvarsfråskriving og misforstått lojalitet. Det heile minner mest av alt om å tene overmakta, og mot for modning, kjøpe seg godt samvit, når friske veteranar kan skalte og valte med alvorleg mykje pengar som andre berre kan drøyme om. Vi forventar likevekt, og vel så det, for utan dei skadde sin kamp har vi aldri sett det resultatet som vi trass alt har i dag.

Saka er av nasjonal interesse og det bør difor oppnemnast ein kommisjon for å gå gjennom hendingane til C veteranfamiliane, inkludert dei som har tatt sjølvmord, for å trekke viktig lærdom i veteran og pårørandepolitikken. Vi ser ikkje bort i frå at familiane til falne i teneste bør inkluderast også.

Sorga har mange uttrykk, sa kong Harald, la det vere rom for dei alle – vi treng medmenneske. Veterananes høge beskyttar viste eit følelsesrepetoar som ikkje står i motsetnad til kontroll og leiarevne.

"I teneste for Noreg" er på dagsorden, og i opningstalen av Forsvarets Veteransenter presiserte forsvarsministeren at senteret er som hennar eige barn som skal følgjast med kjærleik. Jeg kommer til å stille krav, jeg kommer til å forvente åpenhet og jeg kommer til å følge tett opp. Forhåpentlegvis er vår erfaring og synspunkt av interesse.

Vi ynskjer Faremo lukke til med det nyfødde barnet og ber om tilbakemelding i ope brev.

 

 

 

Naustdal 8.10.2011
Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranar

Liv M. Stenbakk Krognes
leiar 2002 -2008
Elsa Schønning
nestleiar 2008 - 2009
Rigmor Flygansvær
leiar frå 2009
 

 

 

 

 
Sist oppdatert:23.10.2011 19.12.48
  

Kilde: norvetnet.no