Regjeringa ynskjer å styrke rettane til veteranar frå utanlandsoperasjonar. – Soldatane som reiser ut i teneste for Noreg skal vere viss på at dei får naudsynt hjelp og oppfølging når dei kjem heim, seier forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Kilde: Regjeringe.no
Foto: Torbjørn Kjosvold/FMS
Onsdag 18. juni møtte forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, dåverande helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad og statssekretær Laila Gustavsen i Arbeids- og inkluderingsdepartementet representantar frå veteran- og tenestemannsorganisasjonane i Forsvaret. Målet med møtet var å kome saman for å diskutere korleis ein best kan gje veteranane eit betre liv.
Skal vere viss på at dei får hjelp
– Målsetnaden må vere at personell vi sender ut i internasjonal teneste skal vere viss på at dei får naudsynt hjelp og oppfølging, seier Strøm Erichsen.
Saman med dei andre departementa, veteranorganisasjonane og ulike faginstansar har ho teke initiativ til ei heilskapleg tilnærming til veteranpolitikken.
– Eg er oppteken av at vi som samfunn må anerkjenne det norske personellets innsats. Dei som vert skadd må bli møtt med omsut og forståing. Det forutset igjen kjennskap i det sivile samfunnet, og likeins at vi er viljuge til å sette oss inn i kva for røynsler personellet har hatt og dei utmaningane dei kjenner på når det er komne heim etter utanlandstenesta, seier statsråden.
Lovforslag
– Dei gjeldande erstatningsreglane fevnar ikkje i tilstrekkeleg grad psykiske belastningsskadar. For mange er møtet med det offentlege hjelpe- og behandlingsapparatet vanskeleg. Andre har igjen eit behov for eit meir tilrettelagt helsetilbod, seier Strøm-Erichsen.
Det ynskjer regjeringa å gjere noko med.
– Regjeringa arbeider med å leggje fram eit nytt lovforslag som skal styrke veterananes rettar. Dette lovforslaget vil bli sendt ut på høyring i løpet av sumaren, seier ho.
Forslaget skal mellom anna gjera det lettare for veteranane å få erstatning, og det skal også gje dei lovfesta rett til oppfylging frå Forsvaret i eit år etter heimkomst.
Soldatane gjer ein god jobb
– Soldatar som har delteke i ein utanlandsoperasjon har all grunn til å vera stolte. Dei har gjort og gjer framleis ein særs god jobb! Deira innsats bidreg til at menneskje i andre land òg kan oppleva fred og fridom. Men innsatsen deira er og viktig for Noreg som nasjon. Bidrag til andre land er ein tryggleik for oss her heime, seier Strøm-Erichsen.
Ho er likevel tydeleg på at det er ein risiko ved å delta i slike operasjonar.
– Sikkerheita til soldatane er eg særs opptatt av. Forsvaret har eit sterkt fokus på det å kunne førebyggje skadar. Eg trur likevel ikkje at me nokon gong kjem til å klare å fjerne risikoen ved slike operasjonar heilt. Difor er det viktig for meg å styrke rettane til veteranane – og for å sikra soldatar i framtida, avsluttar Strøm-Erichsen.