Utskrift fra: norvetnet.no
Dokument: http://norvetnet.no/dok/artikkel187.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


29.03.2007
Heder til NDH ISAF

Barth Eide hedrer NDH ISAFTorsdag 22. mars fekk det heimvendte sanitetspersonellet frå Norwegian Deployable Hospital (NDH) i Mazar-e-Sharif medaljar og skryt for jobben dei har gjort i løpet av det året Noreg har leia det multinasjonale sjukehuset. NDHs hovudoppgåve har vore å tilby livreddande og stabiliserande kirurgi og behandling for ISAF-personell i Nord-Afghanistan.

 
Kilde FD
Foto: Jon Anders Skau, Forsvarets mediesenter
Dei har gjort ein svær innsats, og vi får gode tilbakemeldingar på jobben dei har gjort, både frå nasjonale og internasjonale partnarar, sa statssekretær Espen Barth-Eide under talen etter overrekkinga av medaljar.
 
NDH hausta lovord frå statssekretæren for å ha tenkt kreativt og medverka til utvikling av det afghanske helsevesenet på ein måte som har gitt varig verdi. Admiral Arild Sandbekk frå Forsvarets fellesoperative Hovudkvarter (FOHK) heldt ein innleiande tale, samt stod for sjølve tildelinga av medaljane.
Sist oppdatert:02.11.2007 22.33.35
  

Kilde: norvetnet.no