Utskrift fra: norvetnet.no
Dokument: http://norvetnet.no/dok/artikkel160.asp
Skriv ut Side | Lukk vindu


04.01.2007
Forsvarets samling med minnegudstjeneste

Monument over falne UNIFIL soldaterVi gjengir her et brev sendt fra pårørendegruppa for FN- og NATO- Veteranane til Forsvarssjefen:

Viser til hyggelige samtaler med feltprost / oberst Arne Svilosen, der underteikna vart informert om Forsvaret sine planer om å invitere pårørande til samling med minnegudsteneste den 12.11.06, men som no er utsett til neste år. Invitasjonen vil bli sendt til pårørande til soldatar som har mista livet under teneste og til pårørande til dei som har pådratt seg fysisk skade i tenesta og som har dødd av skadane etter at tenesteforholdet var opphørt, samt representantar frå ulike organisasjonar. Tidsramma etter ulukkene er satt til fem år.

Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranane (Pårørandegruppa) ser positivt på dette initiativet, men tillet oss å minne om at det er ei anna gruppe som har gitt sitt bidrag i fredsbevarande arbeid også, og viser til dei som fekk psykiske skader. Deira tunge skjebne handlar om mangel på oppfølging og rettstryggleik. Diverre er ikkje politikarane villige til å ta dei politiske og økonomiske vala som må gjerast for å bøte på skadane, og fleire vil lide same skjebne! Dette representerer eit verdisyn som ligg langt frå det vi hadde trudd skulle gjelde då våre familiemedlemmer meldte seg til internasjonalt arbeid.

Vi viser til vårt brev til Det Konglige Forsvarsdepartement den 14.01.05 (jf vedlegg) der vi peikar på ulike problemstillingar og konkluderte med: Ingen kan lovfeste eit lukkeleg veterantilvære, men utan konkret avklaring der politikarene og Forsvaret blir konfrontert med systemets overgrep mot dei som står att som taparar, så står vi dårlegare rusta til å inkludere psykiatrien, rusomsorga og kampen mot den allmenne fattigdomen i Noreg.

LIKEVERDSPRINSIPPET MELLOM FYSISKE OG PSYKISKE SKADER.
Den armoda som følgjer dei som blir råka av psykiske skader har pårørande måtte tatt ansvar for i årtider. I tillegg har dei opplevd den negative stigmatiseringa som følgjer psykisk sjukdom og/eller rusproblematikk. Ved å utelukke denne gruppa til minnehøgtida vil det stadfeste den sedvanen som rår i Forsvaret – nemleg total ansvarsfråskriving. Desse veteranane gjekk i grava utan noko form for honnør frå Forsvaret, og no på ”minnenes dag” er ikkje deira pårørande funne verdige til ein invitasjon ein gong. Ein slik manglande respekt og ansvarsfråskriving kan ikkje Pårørandegruppa akseptere!

TIDSPERSPEKTIVET.
Samlinga med minnegudsteneste (”memory day”), som Det Norske Forsvaret no for første gong skal arrangere, blir historisk. Det er difor viktig at tidsramma etter veteranane /soldatane sin død, ikkje blir avgrensa med berre fem år. I dei påfølgjande åra vil ein på ei naturleg måte sette ei snevrare tidsramme.

KONKLUSJON.
Forsvaret ekskluderer ei heil gruppe som er spesielt sårbar. Statistisk sett er det rimeleg å tru at det dreier seg om store mørketal, då denne gruppa lever i løynd med si bør. Det er difor viktig at Forsvaret er romsleg og inkluderande - ei ekskluderande haldning vil ikkje tene Forsvaret og fredstanken på lengre sikt.

FORSLAG TIL VIDARE ARBEID.
Vi vonar at Forsvarssjefen vil markere minnesamlinga i respekt og vyrdnad for alle veteranane/soldatane og deira innsats for verdsfreden. Pårørandegruppa vil med dette melde på fire familiar (jf vedlegg), der veteranen har tatt sitt eige liv etter internasjonal teneste, og ber om at Forsvaret tar initiativ til å invitere fleire familiar med same bakgrunn.

Vi tillet oss å foreslå ti år i staden for fem år som ei avgrensing på denne fyrste samlinga. I tillegg er det viktig å understreke at psykiske seinskadar må ha ei heilt anna tidsramme!

Det kan føyast til at det er mange familiar som har ”mista” sin son / datter / ektefelle / foreldre, etter teneste, då dei ikkje kom heim igjen i den stand dei var i då dei reiste ut. Desse familiane sit òg med si sorg. Vi ber om at denne dimensjonen blir markert på samlinga og
minnegudstenesta.

Pårørandegruppa håpar på eit positivt svar på våre ynskjer.

Med vennleg helsing
Interimstyret for Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranane
Liv M. Stenbakk Krognes Herdis Smines Eli Espen
Leiar Nestleiar Styremedlem
 
 
Sist oppdatert:06.01.2007 10.46.42
  

Kilde: norvetnet.no